I dag begynner vi presentasjonen av Harams løsrivelse fra Ålesund. Vi har over tid samarbeidet med Haram og de sentrale aktørene i deres løsrivelsesprosess fra Ålesund. Harald Nordeng er i så måte sentral, og har ledet aksjonsgruppen Haram ut av Ålesund. Vedlagt har han beskrevet litt av prosessen ved å bygge en ny kommune og hvordan det har gått.
Vi takker alle i Haram/Ålesund for støtte og hjelp. Vi kommer fortløpende tilbake med mer fra prosessen i Haram/Ålesund.
Vidar ertzeid
«Nye» Haram kommune frå 01.01.2024.
Korleis har det gått?
Av dagleg leiar Haram ut av Ålesund, Harald Nordang.
Å bygge ein ny kommune.
I september månad 2023 går folket i Haram til valurnene for å velje det første kommunestyret i «Nye» Haram. Den 14. juni 2022 vedtok Stortinget med klart fleirtal at Haram igjen skulle bli eigen kommune, med dei same kommunegrensene som før tvangssamanslåinga for 4 år sidan. No ser svært mange av innbyggarane i Haram fram til å bli herrar i eige hus igjen, og alt tyder på at alle dei politiske partia som stiller lister til valet i september, legg stor vekt på at det skal byggast ei ny kommune som skal yte gode tenester til innbyggarane og ta opp att det gode og viktige samarbeidet mellom kommune og næringsliv.
Over all forventning
Prosessen med etablering av «Nye» Haram har eigentleg gått svært bra. Det var i mange månader ein del uro og mykje skepsis knytt til det økonomiske bidraget frå statleg hald. Ville staten løyve nok pengar til oppløysingsprosessen? Kvifor kom ikkje regjeringa på banen og heldt lovnaden som var gitt om økonomisk kompensasjon? Ålesund kommune trua med å stanse oppløysingsprosessen.
Staten dekker oppløsningskostnadane.
Den 10. februar i år kom så svaret som svært mange i Haram hadde venta på:
Staten løyvde 200 mill kroner til oppløysingsprosessen! Regjeringa heldt det den hadde lova! No kunne delingsarbeidet ta til for fullt.
Sidan då har delingsprosessen for Haram sin del gått heilt greitt og så langt etter planen, sjølv om tida har vore knapp. Det store fleirtalet av innbyggarane i Haram ser no positivt på framtida.
Stor skepsis frå motstandarane av oppløsning.
Før dette arbeidet tok til, var det nok av skeptiske uttalelsar om at Haram ville slite med å få kvalifiserte søkjarar til ulike kommunale stillingar, og spesielt til viktige leiarstillingar. Fagmiljøa i Haram ville bli for små, og folk med naudsynt kompetanse og utdanning ville først og fremst velje store kommunar med langt meir attraktive fagmiljø.
Per i dag har slik skepsis vist seg å vere heilt feil. Haram kommune er stor nok, interessant nok og attraktiv nok, for så langt har ein kunne velje mellom godt kvalifiserte søkjarar til alle utlyste stillingar. Med sine ca 9.500 innbyggarar og med auke i folketalet, er nemleg Haram ingen liten og uinteressant kommune å arbeide i/for og etablere næringsverksemd i.
Interkommunalt samarbeid
For Haram vil utfordringane i tida som kjem vere svært lik som for resten av kommune-Norge. Samarbeid på tvers av kommunegrensene vil heilt sikkert bli aktuelt i vår region på fleire område, både når det gjeld rekruttering av nøkkelpersonell til spesialiserte kommunale stillingar, og innanfor samarbeid kommune-næringsliv. Dette var Haram god på før og vil kome til å vektlegge i framtida.
Fjørtoft den 29.juli 2023
Harald Nordang
HUAÅ
댓글