top of page

Erfaringer fra Haram

Harald Nordeng er aktiv pensjonist og bur på øya Fjørtoft i Haram kommune.

Utdanna adjunkt og har arbeidd som lærar, undervisningsinspektør, og rektor i off skule i 22 år, rektor på Montessoriskule i 3,5 år.

Jobba innan marint fiskeoppdrett og vore medeigar og dagleg leiar i privat fiske-skaldyr og røykeribedrift i 16 år.

Aktiv i styret i lokalt idrettslag i en årrekke og sidan 2020 i Haram Bygdebok As. Dagleg leiar i organisasjonen Haram ut av Ålesund. Medlem i Sp og står på valglista til Haram Sp til kommune valet i Haram 2023.

Her følger noen betraktninger av Nordeng fra tiden etter folkeavstemningen. Dette kommer vi tilbake til med mer utfyllende opplysninger etterhvert.

Etter folkeavstemninga

Harald Nordeng

Etter at eit svært stort fleirtal av dei stemmeberettiga med bustadsadresse i Haram ( inkl 16-åringar som også fekk røyste ) hadde sagt eit rungande JA til å bli eigen kommune igjen ( knapt 72 % sa JA), vart det snøgt lagt eit vidare løp for det resterande arbeidet med utskilling frå Ålesund. Ein slik prosess tek tid, og det skulle gjennomførast både ein opinionsundersøkelse og utarbeidast eit kunnskapsgrunnlag som skulle leggast til grunn. Det var viktige føresetnader for at folkeavstemminga kunne haldast. Det synte seg at opinionsmålinga stod 100% i stil med resultatet frå folkerøystinga, noko som klart overraska dei politiske partia som hadde vore stekast imot at Haram skulle kunne gå ut. Kunnskapsgrunnlaget som vart utarbeidd, og var meint å skulle ha stor betydning i saka, viste seg å vere svært mangelfullt og med så mange direkte feil at det ikkje kunne vektleggast i det heile tatt, og etter ein del til dels krasse meiningsutvekslingar både i lokalavisene og på sosilale media, hamna denne rapporten lenger og lenger ned i skuffen. ( Viser her m.a. til Sunnmørsposten, lokalavisene Nordre og Bygdebladet samt fb-sida til "Haram ut av Ålesund" ) Etter at fellesnemnda starta arbeidet sitt og pengane frå staten kom på plass, kom det vidare utskiljingsarbeidet inn i eit langt meir konstruktivt spor. No var mandatet klart, Haram skulle ut, prosessen måtte skje raskt og målretta. Stillinga som kommunedirektør i "Nye" Haram vart utlyst. Godt kvalifiserte søkjarar melde seg. Anders Hammer vart tilsett. Han var då rådmann i Sande kommune på Søre Sunnmøre. Etter det kunne den nye kommunedirektøren starte arbeidet med å bygge sin stab i ei "naken" kommune. Dette i eit nært samarbeid med kommunedirektør Steven Hasseldal i Ålesund. Per dato er det tilsett folk i stort sett alle sentrale og viktige leiarstillingar i Haram. I denne tilsettingsrunden har ein kunne velje mellom mange svært godt kvalifiserte søkjarar "over heile fjøla", noko som viser at Haram kommune er attraktiv. Og folketalet er stigande. Vi er no i sluttfasen av valinnspurten også i "Nye" Haram. Engasjementet er stort, og veljarane kan velje mellom 9 politiske lister til kommunevalet 2023. Førehandsrøystinga har vore god, og ein tør håpe på at valoppslutninga vert høg. Frå 1.januar -24 er Haram klar til å stå støtt på eigne bein igjen etter 4 års tvangssamanslåing i storkommunen Ålesund. Vennleg helsing Harald Nordang Nr 7 på vallista for Haram SP 2023




63 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page